IS215 Idrett og medium (10 sp) 

(Sport and media )

Fakta om emnet

Emnekode
IS215
Emnenavn
Idrett og medium
Studiepoeng
10 sp
Semester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Emneansvarlig
Gudmund Skjeldal

Kort om emnet

Emnet gjev ei innføring i relasjonane mellom idrett og medium, med syn for historiske utviklingstrekk, og med teoretiske og kritiske drøftingar av korleis idrett og medium står i moglege avhengigheitsforhold til kvarandre i dag. Idrett må forståast breitt, ikkje berre som toppidrett eller konkurransesport.

Medium skal også forståast i vid forstand, og omfattar både bøker, film, foto, reklame, og sosiale medium, attåt meir tradisjonelle nyheits- og underhaldningsmedium (basis-medium). Kort sagt formidlar emnet korleis idrett og medium påverkar kvarandre – med det norske samfunnet som viktigaste referanseramme.

Læringsutbytte

Studentane skal etter gjennomført emne kunna

  • gjera greie for grunnleggjande forhold og definisjonar om ulike medium – og kjenna til mediebruk og medievanar i det norske samfunnet i dag
  • skildra korleis idrett påverkar medieøkonomien i samtida, både nasjonalt og internasjonalt
  • fortelja korleis sportsjournalistikken har utvikla seg historisk, gjennom ulike medium, og drøfta – også kritisk – kva bilete eller omgrep av idrett som denne journalistikken formidlar i dag
  • tolka ulike medieforteljingar om idrett (så som fiksjonsfilmar, biografiar, tv-seriar, reklame)
  • drøfta ved hjelp av fagomgrep, og reflektera kritisk over korleis idrett/idrettar blir påverka og endra av ulike medium – og om idrett (i ulik tyding) påverkar og endrar medium
  • formidla dei ovanfornemnte problemstillingane i skriftlege og munnlege massemedie-tilpassa sjangrar

Læringsformer og aktiviteter

Emnet legg opp til både sjølvstudium, arbeidskrav og førelesingar. Førelesingar legg opp til både førearbeid og etterarbeid, stundom i grupper. Nokre førelesingar vil ha bidrag av gjester, i form av intervju og eller diskusjonar, eller større seminar. Førelesingane vil også vera arbeidsverkstader for ulike oppgåver, og føreset aktiv medverknad frå studentane. Eigeninnsats/studium i kollokviegrupper er ein føresetnad for god læring i emnet. 

Arbeidskrav

  • Levering av 1) emne for podkastepisode, og 2) problemstilling til podkast (gruppevis).
  • Bloggutkast med mediekritikk relatert til feltet idrett (individuelt).

Arbeidskrava må godkjennast for å kunna bli sluttvurdert i faget.

Vurdering/eksamen

Individuelt

  • levering (skriftleg) av tolking (referat+analyse+vurdering) av sjølvvald bok, film, serie, reklame – relatert til emnet idrett – eller sportssending på tv/radio.

I grupper (2-3)

  • podkast-episode, med sjølvvald tema og problemstilling frå relasjonen mellom idrett/sport og medium/media.

Vurderingsvariablar i emnet er bestått/ ikkje bestått. Både gruppearbeidet og det individuelle arbeidet må ha «bestått» – for å nå karakteren bestått i emnet. 

Kjernelitteratur

1 bok:
Shwebs, T., Yte-Arne, B. & Østbye, H. (2020). Media i samfunnet (8. utg.). Samlaget. Boka kan lånes fra biblioteket.

1 kapittel fra e-bok:
Fossøy, J., Moe, V. F., & Fretland, F. (2020). Idrett og media i Noreg – frå analoge til digitale medieplattformer, I L. J. Halvorsen, R. Stokken, W. M. Rogne & I. J. Erdal (Red), Digital samanhandling: Fjordantologien 2020 (s. 103-122). Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215037394-2020-06

4 bok-kapitler som ligger i Canvas (4 PDF):
Dahlen, P. (2019). Sport og medier. I S. A. Sæther (Red.), Idrettsvitenskap: Perspektiver og praksis (s. 109-126). Universitetsforlaget.

Larsen, P., & Lien, S. (2008). Kunsten å lese bilder. Spartacus.
Side 366-369.

Von der Lippe, G. (2010). Et kritisk blikk på sportsjournalistikk: Medier og idrett i en globalisert verden. IJ-forlaget.
Side 123-143.

Whannel, G. (2002). Media sport stars: Masculinities and moralities. Routledge.
Side 40-63.

5 artikler fra elektroniske tidsskrifter.
For å lese artiklene når du ikke er på NIH, må du logge deg på VPN-klienten.

Arth, Z. W., Angelini, J. R., Gentile, P. G., & Hard, A. W. (2023). The continued Olympic shift: A case study of the time on camera for men and women during the 2022 Beijing Olympics on NBC. International Journal of Sport Communication, 16(2) 239-248. https://doi.org/10.1123/ijsc.2022-0207
PDF-en ligger i Canvas, ikke tilgang via lenke.

Bentzen, M., & Evensen, K. V. (2021). “I bow down in awe of them...” Sports awards for Paralympic athletes and Olympic athletes. Scandinavian Sport Studies Forum, 11, 59-84. https://sportstudies.org/2021/04/19/i-bow-down-in-awe-of-them-sports-awards-for-paralympic-athletes-and-olympic-athletes/

Geurin-Eagleman, A., & Burch, L. (2016). Communicating via photographs: A gendered analysis of Olympic athletes’ visual self-presentation on Instagram. Sport Management Review, 19(2),133-145. https://doi.org/10.1016/j.smr.2015.03.002

Helland, K. (2007). Changing sports, changing media: Mass appeal, the sports/media Complex and TV sports rights. Nordicom Review, 28(Spesical issue), 105-119. https://www.nordicom.gu.se/sites/default/files/kapitel-pdf/248_248_helland1.pdf

Ulvang, V. (2011). Idrettenes idrett: Fra langrennsløper til FIS-pamp. Samtiden, 120(1), 40-63. https://www.idunn.no/samtiden/2011/01/art04

1 bloggartikkel:
Dahlen, P. (2008, 12. desember). Peter Dahlén om Flåklypa Grand Prix: Norges mest populære film. Idrettsforum, Peter Dahlen om Sportfilm. https://idrottsforum.org/sportmovies/08_flaklypa_grand_prix/08_flaklypa_grand_prix.html

NB! Studenten skal i tillegg sjølv velja ein i idrettsbiografi – norsk eller utanlandsk – og lesa denne boka.

Anbefalt litteratur

1 rapport:
Schiro, E. C. (2023. 21. juni). Norsk mediebarometer 2022 (Rapport). Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/tids-og-mediebruk/artikler/norsk-mediebarometer-2022

1 veiledning:
Institutt for journalistikk. (2019). Slik kommer du i gang med podkast! En veileder for MBL. Mediebedriftene. https://www.mediebedriftene.no/siteassets/bilder/portretter/abcpodkast.pdf