IDR107 Idrett og samfunn (10 sp) 

(Sport and Society )

Fakta om emnet

Emnekode
IDR107
Emnenavn
Idrett og samfunn
Studiepoeng
10 sp
Semester
Høst
Undervisningsspråk
Norsk
Emneansvarlig
Gudmund Skjeldal

Kort om emnet

Emnet tar for seg idrett som sosialt og kulturelt fenomen – med særleg vekt på norske forhold. Eitt viktig moment i denne samfunnsramma er at idrett må forståast i vidare forstand enn den aktiviteten som er organisert i regi av Norges idrettsforbund, olympiske komité og paralympiske komité (NIF), så som friluftsliv, og treningssenterbransjen, eksemplifiserer.

Emnet er bygd opp tematisk og gjev teoretiske perspektiv frå faga historie, etikk/idrettsfilosofi og idrettssosiologi. 

Læringsutbytte

Studenten skal etter gjennomført emne kunna

  • skildra korleis norsk idrett – inkludert organisasjonar knytt til friluftsliv, kommersielle idrettstilbod, og eigen-organisert idrett – er bygd opp, og forklara omgrepet ‘fysisk kultur/’bevegelseskultur’
  • gjera greie for omgrepa ‘frivilligheit’ og ‘sivilt samfunn’ – og dei tilknytingspunkta idretten også har til stat og til marknad
  • diskutera forholdet mellom idrett og kjønn, idrett og sosial klasse, og idrett og etnisitet.
  • identifisera både sentrale brot og samanhengande linjer i historia til norsk idrett, inkludert friluftsliv og paraidrett, særleg med vekt frå 1800-talet og fram til i dag
  • gjera greie for etiske modellar, og drøfta ulike verdiutfordringar, inkludert berekraftsproblematikk(-ar)
  • meistra god vitskapleg referanseskikk, og bruka norsk APA-referansestil
  • presentera fagstoff skriftleg og munnleg, og gje konstruktiv kritikk til andre

Læringsformer og aktiviteter

Studentaktive og samarbeidande læringsformer vil i stor grad prega gjeremåla i faget. I par (to) skal studentane skriva korte fagartiklar, presentera desse munnleg i seminargrupper, og gje kvarandre framovermeldingar på desse fagartiklane, skriftleg og munnleg.

I tillegg vil emnet ha kortare fellesførelesingar – og arbeidsoppgåver av ulike slag.

Arbeidskrav

Deltaking i seminargruppene er obligatorisk (90 %).

Alle studentane skal (i par):

  1. levera enkel fagartikkel skriftleg
  2. presentera denne munnleg i seminargruppe
  3. gje framovermelding til andre studentar munnleg
  4. gje framovermelding til andre studentar skriftleg

Alle desse fire momenta skal godkjennes av seminarleiar.

I tillegg skal alle studentane ha gjort ein innleiande kviss i APA-referansestilen/plagiatproblematikk.

Arbeidskrava må vera godkjende for å kunna bli sluttvurdert i emnet.

Vurdering/eksamen

  • Fagtekst, basert på seminarbidraget, levert og vurdert som par (to stk). Gradert karakter A-F. Tel 4/5 av samla karakter.
  • Fleirvalskviss med spørsmål frå læringsutbyttemåla (kulepunkt 1 til og med 6). Individuell levering. Gradert karakter A-F. Tel 1/5 av samla karakter.

Vi gjer merksame på at tekstar som blir leverte i WISEflow vil bli køyrd gjennom plagiatkontroll.

Kjernelitteratur

Akademisk skriving:
1 bok:
Rienecker, L., & Jørgensen, P. S. (2013). Den gode oppgaven: Håndbok i oppgaveskriving på universitet og høyskole (2. utg.). Fagbokforlaget.
Kapittel 1-3, 6-7 og 10-11 skal leses.
Boka er anbefalt litteratur ved bacheloppgaven i flere program på NIH, og kan med fordel leses/brukes gjennom hele utdanningsløpet ved høgskolen. 

1 manual/veiledning
Redaksjonen for norsk APA-stil. (2023). Norsk APA-manual: En nasjonal standard for norskspråklig APA-stil basert på APA 7th (Versjon 1.9). Sikt. https://sikt.no/norsk-apa-referansestil
Denne viser hvordan du henviser til kilder i tekst og hvordan du utformer referanselista og bør brukes aktivt, også på eksamen.

2 bøker:
Goksøyr, M. (2022). Historien om norsk idrett (2. utg.) Abstrakt.

Enten denne boka (3. utg.):
Loland, S. (2023). Idrettsetikk (3. utg.). Fagbokforlaget.

Eller denne boka (2. utg.):
Loland, S. (2015). Idrettsetikk (2. utg). Akilles.
Boka finnes som lydbok hos Norsk lyd- og blindesktiftbibliotek: https://www.nlb.no/boker/voksne/fag-og-fakta/samfunn/idrettsetikk

1 artikkel i elektronisk tidsskrift:
Rafoss, K. & Tangen, J. O. (2017).  Den norske idrettsmodellen: I utakt med tiden? Norsk sosiologisk tidsskrift, 1(2), 152-170. https://doi.org/10.18261/issn.2535-2512-2017-02-04

1 kapittel i e-bok:
Tjønndal, A. & Nilssen, M. (2022). Bærekraft i idrett og friluftsliv. I A. Tjønndal, A. K. Lund & M. Nilssen (Red.), Bærekraft i idrett og friluftsliv (s. 17-55). Universitetsforlaget. https://www.idunn.no/doi/10.18261/9788215061153-2022-01

1 rapport:
Sandvik, M. R., Aune, L. S., Strandbu, Å. & Sogn, H. (2022). Trygg på trening med Redd Barna: Første delrapport i et følgeforskningsprosjekt [Rapport]. Norges idrettshøgskole, Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett. https://www.nih.no/forskning/sentre/fobu/rapporter/delrapport-1-trygg-pa-trening-2022.pdf

1 digitalt kompendium som ligger i Canvas (1 PDF):
Skjeldal, G. (Red.). (2023). IDR107: Idrett og samfunn: Høsten 2023 [Digitalt kompendium].

Referanselista til det digitale kompendiet, alfabetisk etter APA 7. utg.:
Andersen, E. (2010). Erling Stordahl: Ildsjel og banebryter. Akilles.

Gammelsæther, H. (2016). Poeng, penger og politikk: Et institusjonelt perspektiv på idrettsledelse. Cappelen Damm.

Giddens, A., & Sutton, P. W. (2017). Sociology (8. utg.). Polity press.

Korsgaard, O. (1982). Kampen om kroppen: Dansk idræts historie gennem 200 år. Gyldendal.

Lesjø, J. H. (2008). Idrettssosiologi: Sportens ekspansjon i det moderne samfunn. Abstrakt.

Thing, L. F. & Jensen, A. L. (2016). Sport, køn og krop: Køn som variabel, struktur eller gøren? I L. F. Thing & U. Wagner (Red.), Grundbog i idrætssociologi (s. 186-205). Munksgaard Danmark.

Østergaard, C. (2016). Bourdieu: Smag, distinktion og idrætten. I L. F. Thing & U. Wagner (Red.), Grundbog i idrætssociologi (s. 53-70). Munksgaard Danmark.

Anbefalt litteratur